Skaffes

Kittang Dag

Trebyen Trondheim - modernisering og vern : ein studie av byplandebatten 1960-2005

DKK 501.00 inkl. moms
DKK 400.80 ekskl. moms

ISBN:
9788245017199
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
292
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
26-11-2014
Udgivelsesår:
2014
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
I tida etter brannen 2002 blussa debatten om Trondheim si sjel og sine trehus opp, som den hadde gjort så mange gongar før dei siste seksti åra. Skulle ein byggje nytt og moderne, eller skulle ein prøve å gjenskape den sjela som gjekk tapt? Skulle ein byggje i tre eller i glas, stål eller betong? Skulle ein bygge høgt eller lågt? Arkitektar, planleggjarar, kulturminneforvaltarar, politikarar, næringsdrivande og «vanlege» innbyggjarar i byen hadde mange og ulike meiningar. I tidlegare debattar om byutviklinga på Bakklandet, Møllenberg, Svartlamoen og ikkje minst i Midtbyen har spørsmålet vore: Skal husa stå eller rivast for å gjere plass til nye bygningar eller vegar? I boka Trebyen Trondheim - modernisering og vern tek Dag Kittang for seg byplandebattane knytt til trehusa i byen. Boka er ei omarbeiding av Kittang si doktoravhandling frå 2006. Forfattaren viser korleis debatten om vern og fornying av den historiske trebyen har utvikla nye forståingsformer og etablert nye arkitektur- og planleggingsideal, og kva konsekvensar desse har hatt for byutviklinga. Boka er ei påminning om behovet for å ta vare på mangfaldet i byane våre, som ikkje minst dei gamle bygningsmiljøa i tre representerer.
}