Strikk med Ingvild frå @skaperrom : klassiske, enkle og fargerike plagg
DKK
459.00
inkl. moms
DKK
367.20
ekskl. moms
ISBN:
9788234004391
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
175
Forlag:
Samlaget
Udgivelsesdato:
23-08-2021
Udgivelsesår:
2021
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Ingvild Grane har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett
på instakontoen @skaperrom. No har ho laga si alle første strikkebok. Her får du
klassiske og enkle oppskrifter til baby, barn og dame, alt frå kvardagsgenserar,
sokkar og luer til festfin kardigan og genseren for dei vakraste sommarkveldane.
Ingvild Grane synest ikkje strikkeoppskrifter skal vera så avanserte. Hennar
erfaring etter årevis med strikking, er at ho vender tilbake til dei enkle
oppskriftene. Dei strikkar ho gjerne gong på gong i ulike fargar, strukturar og
garnkvalitetar. I staden for å gje deg avansert strikk har ho difor fylt boka
med elegante og funksjonelle plagg som kan strikkast på nytt og på nytt i mange
år framover, og som har eit så klassisk snitt at dei kan gå i arv.
Dette er ei bok for deg som strikkar masse, for deg som strikkar litt, og for
deg som ikkje strikkar, men som har veldig lyst til å starte.
Ingvild Grane (f. 1982) kjem frå Naustdal og er busett på Nesodden. Ho er mellom
anna utdanna journalist. På dagtid jobbar Grane i Fabel, og på kveldstid lagar
ho strikkeoppskrifter og strikkar til seg sjølv og dei ho har kjær.

