Beresystem i eldre norske hus (3. utg.)
DKK
1,019.00
inkl. moms
DKK
815.20
ekskl. moms
ISBN:
9788245024203
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
349
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
02-08-2018
Udgivelsesår:
2018
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Denne boka er ei revidert utgåve av den som kom ut i 2009. Den første skissa til
bok om dette temaet kom på TI-forlaget i 1994.
Det er i hovudsak redaksjonelle endringar vi har gjort i denne utgåva, først og
fremst ved at figurar har fått tekst. Dertil er det gjort nokre presiseringar,
og vi har retta feil. Vi vonar omredigeringa fell i smak, og at boka blir
lettare å lesa.
Grunnlaget for framstillinga ligg i ein omfattande dokumentasjon av ståande
byggverk kombinert med aktiv utøving rettleidd av tradisjonsberarar. Samhandling
er stikkord. Forfattarane har lært seg arbeidsmåtar ved å byggje ulike slags hus
saman med eldre handverkarar. Vi vågar å kalle desse dei siste representantane
for ein lang tradisjon. Den måten å sjå bygget på som tradisjonsberarane
uttrykte, har vore innfallsvinkelen til dokumentasjonen av kring 1000 byggverk
frå Vardø i aust og nord til Lista i sør.
Innfallsvinkelen til stoffet er den handverksfaglege. Det er anatomien, den
indre, ofte ikkje synlege strukturen attom fasade og panel vi rettar blikket
mot. Dertil tek vi for oss prosedyrar, det vi kan kalle rekkjefølgjekunnskapen
så vel som vurdering av styrke. Ikkje minst er samanhengen mellom samla byggverk
og den einskilde detaljen viktig.
Alle fag har sitt eige språk, sine eigne nemningar på delar og prosessar. Boka
legg stor vekt på å få med dei mest brukte nemningane på delar og system. Vi
oppdagar at Noreg også på dette feltet er tospråkleg. Vi har ein litterær
tradisjon som er knytt opp mot offisiell kunnskap i skole og laugsvesen. Dertil
har vi ein uoffisiell nemningsbruk knytt opp mot det ikkje formaliserte
opplæringssystemet som har eksistert ved sida av og i høg grad uavhengig av det
offisielle heilt fram til i det første tiåret etter andre verdskrigen. Mykje av
denne uoffisielle nemningsbruken er svært rik, og han ber i seg gamle termar
nokre av dei med ubrotne liner attende til gammalnorsk.

