En kort introduksjon til Sovjetunionen
DKK
349.34
inkl. moms
DKK
279.47
ekskl. moms
ISBN:
9788202803612
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
229
Forlag:
Cappelen Damm akademisk
Udgivelsesdato:
16-11-2023
Udgivelsesår:
2023
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Denne boka er ei aktuell og oppdatert framstilling av Sovjetunionens historie,
frå revolusjonane i 1917 og unionsavtalen i 1922, til oppløysinga i 1991.
Sovjetunionen var eit heilt sentralt kapittel i europeisk og global
1900-talshistorie, og verda er framleis prega av arven frå unionen, 30 år etter
at han forsvann.
Sovjetunionen var eit forsøk på å skapa ein stat for den frigjorde
arbeidarklassen og for frigjorde nasjonar. Dei sovjetiske folka var likevel
ikkje frie, og Sovjetunionen kom til å bli ei vidareføring av Det russiske
imperiet frå før 1917. I unionen av sovjetrepublikkar fanst det mange spenningar
mellom sentralmakta i Moskva og dei ulike regionane, og sovjetisk nasjonsbygging
og nasjonsundertrykking får ein sentral plass i boka.
Dei ulike kapitla tek også føre seg den marxistisk-leninistiske ideologien og
eittpartistaten, og syner korleis Sovjetunionen vaks fram som eit storstilt og
brutalt moderniseringsprosjekt med planøkonomi og femårsplanar, fangeleirar,
utreinskingar og deportasjonar, men også med ein rik litterær produksjon og eit
kulturliv som påverka ei heil verd.

