Til tingsrettens teori
DKK
1,320.00
inkl. moms
DKK
1,056.00
ekskl. moms
ISBN:
9788202532161
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
323
Forlag:
Cappelen Damm akademisk
Udgivelsesdato:
08-05-2017
Udgivelsesår:
2017
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Den norske og skandinaviske tingsretten er prega av eit sett med teoretiske
grunnpostulat. Det finst ei lære om eigedomsretten som eit såkalla koplingsord,
ei lære om eit funksjonelt rettigheitsomgrep, og mange påstandar om sondringa,
eller mangelen på sondring, mellom tinglege og obligatoriske rettar. Denne boka
tek opp desse lærene til gransking. Kva går dei ut på? Er dei forståelege og
haldbare? Boka stiller seg spørjande og kritisk til mykje av det som fram til no
har vore god latin i tingsretten. Som eit konstruktivt bidrag formulerer boka
dernest ein teori om eigedomsrettens overgang ved kjøp og sal. Dette emnet har i
lang tid vore lite teoretisert i rettslitteraturen.
Boka er relevant for alle som interesserer seg for tingsrett spesielt og for
rettsvitskap generelt. Boka gir også underlag og støtte for løysing av ei rekkje
praktiske rettsbruksspørsmål.

