Forsking og menneskerettar
DKK
316.48
inkl. moms
DKK
253.18
ekskl. moms
ISBN:
9788270998845
Sprog:
Norsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
171
Forlag:
Novus forlag
Udgivelsesdato:
02-06-2017
Udgivelsesår:
2017
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Korleis kan forsking fremje menneskerettane? Og korleis oppfattar forskarar frå
forskjellige fag og disiplinar menneskerettar innanfor si forsking? Kapitla i
denne boka er skrivne av 14 forskarar som represen.terer varierande
fagtradisjonar og forskingsmetodar. Dei viser at menneske.rettsspørsmål er
aktuelle som aldri før, og inspirerer forskarar i eit breitt spekter av fag.
Sjølv om menneskerettane tar ulik form i ulike fag, viser boka at dei er viktige
også i fag der dei er mindre synlege. Forskarane som skriv i denne boka,
konsentrerer seg om grunnleggjande menneskerettar med stikkord som fred, fridom,
likskap, verdighet, utdanning og fråver av diskriminering av svake
enkeltindivid, grupper eller folk. Forsking har bi.dratt til at desse
menneskerettane i dag står sterkare internasjonalt enn nokon gong. Men nettopp
fordi menneskerettane er blitt så synlege og internasjonalt nærverande, blir det
tydeleg kor grove brota på dei er i .mange land, og kor mykje arbeid som står
att før dei er sikra som rettar for alle menneske. Kapitla i boka er reviderte
og ajourførte versjonar av foredraga på ein konferanse som menneskerettskomiteen
i Det Norske Videnskaps-Akademi arrangerte i desember 2015.
Jakob Lothe er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo og leiar
av menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi.

