Litteraturformidling i lokale bibliotek : møte mellom teori og praksis
DKK
454.00
inkl. moms
DKK
363.20
ekskl. moms
ISBN:
9788202615864
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
219
Forlag:
Cappelen Damm akademisk
Udgivelsesdato:
14-04-2020
Udgivelsesår:
2020
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Denne boka handlar om litteraturformidling ansikt til ansikt - direkte møte
mellom formidlarane og dei det blir formidla til. Forfattarane skildrar ei rekke
formidlingspraksisar der små bibliotek i Sogn og Fjordane samarbeider med
barnehagar og skoler på ulike vis. Felles for desse formidlingspraksisane er at
dei set barn og unge sine interesser, lyster og kunnskapar i sentrum, og at dei
er utvikla ut frå konkrete behov i dei ulike lokalmiljøa. Forfattarane bruker
teoretiske innsikter om litteratur og om vårt forhold til språket og verda til å
sette ord på kva formidlinga tyder for dei involverte. Dei synleggjer òg kor
stor tyding økonomiske rammevilkår og politiske føresetnader har for å kunne
drive litteraturformidling av høg kvalitet.
Boka gir ny kunnskap til forskinga innan bibliotek-, litteratur- og
kommunikasjonsfag, og er særleg aktuell for studentar, bibliotekarar, lærarar og
andre litteraturformidlarar. Forfattarane viser korleis ein kan tenkje
systematisk og vitskapleg om eigen praksis, og bidreg slik til å styrke fagleg
og profesjonell dømmekraft.

