Tvisyn, innsyn, utsyn : nærblikk på A. O. Vinje
DKK
460.00
inkl. moms
DKK
368.00
ekskl. moms
ISBN:
9788230402726
Sprog:
Norsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
641
Forlag:
Scandinavian Academic Press
Udgivelsesdato:
08-10-2021
Udgivelsesår:
2021
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
No seer eg atter slike Fjøll og Dalar, / som deim eg i min fyrste Ungdom saag".
Med slike linjer har Vinje skapa seg ein plass i norsk litteraturhistorie og i
hjarta til dei mange som har sett pris på ordkunsten hans. Diktet som blir
innleia med desse linjene, er mellom dei mange tekstane som blir undersøkte i
denne boka.
Aasmund Olavsson Vinje levde frå 1818 til 1870. Han blei fødd i Vinje i
Telemark, men levde det meste av livet sitt i hovudstaden der han etablerte seg
som diktar, journalist og redaktør. Etter kvart blei han ein pionér for det
nynorske skriftspråket og synte publikum korleis dette kunne nyttast i
diskusjonar og skildringar av alle slag, og med sine lyriske dikt kunne han røre
lesarane sine på ein måte som få. andre norske forfattarar har evna.
Denne boka er basert på ein stor konferanse i 2018 ved Universitetet i
Søraust-Noreg - Bø som samla ei lang rekke forskarar med det for auge å kaste
nytt lys over Vinje. Dei 24 kapitla utforskar Vinjes liv og forfattarskap slik
at lesarane kjem tett på dei spørsmåla han var oppteken av, og dei skrivemåtane
han utvikla. Til saman formidlar tekstane noko av det tvisynet, innsynet og
utsynet som ein finn i Vinjes eigne skrifter.

