Fløgstad verk : skriftprosessar : produksjonslinjer
DKK
569.65
inkl. moms
DKK
455.72
ekskl. moms
ISBN:
9788252194425
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
547
Forlag:
Samlaget
Udgivelsesdato:
01-11-2018
Udgivelsesår:
2018
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
I "Fløgstad verk" nyttar litteraturforskaren Heming Gujord eit uvant, men
overtydande grep når han leverer den mest omfattande analysen og kritiske
gjennomgangen av dei hittil 51 bøkene i Kjartan Fløgstads mangfaldige
forfattarskap.
Gujords informative nærlesing viser fram dei lange linjene, men løfter også fram
brota og litteraturpolitiske inkonsekvensar i Fløgstads teori og praksis.
Framstillinga stør seg på moderne litteraturteori, men er i liten grad tyngd av
unødig analysesjargong. Gujord kommenterer stort og smått av det som er skrive
om denne markante og samansette forfattarskapen, og i tillegg har han frå fleire
møte og samtalar med Fløgstad fletta inn forfattarens eigne synspunkt og
kommentarar.
"Fløgstad verk" er delt inn i avdelingar som følgjer skriftprosessane og
produksjonslinjene fram til i dag. Avdelingane spenner frå "Danning og
Etablering på 1960- og 1970-talet", via "Produksjon og Kommunikasjon på 1970- og
1980-talet" og fram til "Distribusjon og Arkiv på 1990- og 2000-talet".
Avdelinga for "Sluttoppgjer" samlar trådane og gjer nedslag i nokre av dei
hardaste kulturdebattane i nyare tid.
Boka er ein forfattarskapsstudie, men kan også lesast som eit stykke
litteraturhistorie frå nyare tid. Boka er skriven for alle som har lese eller
kjenner til forfattaren Fløgstad, og som vil vite meir om konfliktlinjene i
nyare norsk litteratur, kultur og samfunn.

