Steinmål og strengesong : om Ragnvald Skredes lyrikk
DKK
358.00
inkl. moms
DKK
286.40
ekskl. moms
ISBN:
9788283901504
Sprog:
Norsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
201
Forlag:
Novus forlag
Udgivelsesdato:
07-09-2024
Udgivelsesår:
2024
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Takk for diktsamlinga di! som gledde meg med å sjå at du stig fram som ein av
dei største lyrikarane vi har", skreiv Kristofer Uppdal då RAGNVALD SKREDE
(1904–1983) debuterte med "Det du ikkje veit" i 1949. Skrede var frå Vågå i
Gudbrandsdalen, og opplevingar i barndommen og førkrigsåra ligg som ein
klangbotn i forfattarskapen. Skrede hadde sona ein dom, av mange vurdert som eit
justismord, og den plaga og forfølgde outsideren er ein gjennomgangsfigur i
dikta – den utstøytte som følgjer si eiga leiestjerne. Til saman gav Skrede ut
12 diktsamlingar, og han var ein toneangivande kritikar, forlagsmann og omsetjar
med stor innverknad på norsk kulturliv i etterkrigstida.
For 1960-talsdebutantane representerte Skrede eit forelda diktarideal, og
forfattarskapen har i nyare tid fått langt mindre merksemd enn livet hans.
Steinmål og strengesong. Om Ragnvald Skredes lyrikk hentar fram att Skrede som
lyrikar og gjendiktar. Å gjenlese Skrede fører oss inn i grunnstemningar i
etterkrigslyrikken, men òg inn i uventa tankevendingar og eksistensielt alvor.

