Profesjonsetikk i sjukepleie
DKK
370.49
inkl. moms
DKK
296.39
ekskl. moms
ISBN:
9788252194753
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
221
Forlag:
Samlaget
Udgivelsesdato:
26-06-2019
Udgivelsesår:
2019
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Det finst mange kryssande krav og forventningar til korleis sjukepleieyrket skal
utøvast. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis ein
kan finne fram til best moglege handlingsval når situasjonar blir vanskelege og
tvilen melder seg.
I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt, for
etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske
refleksjonsmodellar gjennomgått, og forfattarane viser korleis systematisk
refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar.
Andre del av boka går inn på vanlege etiske utfordringar ein kan møte som
sjukepleiar. Etter ein gjennomgang av lovverk og profesjonsetiske retningslinjer
blir utfordringar knytte til teieplikt, autonomi og tvang og andre sentrale tema
grundig behandla. Her blir også tema som prioritering, lojalitet og varsling
tekne opp, og gjennom heile framstillinga bruker forfattarane attkjennelege
eksempel frå praksis, der studentane blir inviterte til etisk refleksjon. I eit
eige kapittel til slutt i boka blir forskingsetikk behandla.
Herdis Alvsvåg (f. 1952) er professor ved VID vitenskapelige høgskole i Bergen.
Ho er utdanna sjukepleiar og sosiolog og har særleg arbeidd med ulike
kunnskapsformer, omsorg, læring og danning. Alvsvåg har publisert fleire bøker
og artiklar baserte på forsking på desse felta og har også vore redaktør for
fleire utgivingar.
Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i
Oslo. Han er tilknytt mastergradprogrammet i "Verdibasert ledelse" og har
publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og
verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.

