Skaffes

Ylvisåker Line Nagell

Verda mi smeltar : å leve med klimaendringar på Svalbard

DKK 393.00 inkl. moms
DKK 314.40 ekskl. moms

ISBN:
9788234002311
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Forlag:
Samlaget
Udgivelsesdato:
14-04-2020
Udgivelsesår:
2020
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
Midt i klimaendringane. I 2006 byrja vestlendingen Line Nagell Ylvisåker som journalist i Svalbardposten. Same året skreiv ein kollega i avisa at Svalbard kunne bli opptil åtte grader varmare i 2100, men Nagell Ylvisåker lét seg ikkje affisera. Ho susa rundt på skuter, blei kjent med fjella og midnattssola og fekk fridom gjennom eiga bjørnerifle. Våren 2019 hadde Longyearbyen vore varmare enn normalen meir enn åtte år i strekk. Dei første åra merka ikkje Nagell Ylvisåker endringane, men frå 2015 skjedde det noko. Snøen dundra ned frå fjellet Sukkertoppen, og ei to år gamal jente og ein familiefar døydde. Det gjekk jordskred, og hus vart evakuerte då jorda sprakk opp etter kraftige regnvêr. Line Nagell Ylvisåker har bygd hus i Longyearbyen, fått to ungar, kalla plassen for heime, men brått tok ho seg i å bli uroleg når det vart varsla uvêr. Kva i alle dagar skjer i hennar kjære Longyearby? På leit etter svar snakkar ho med venninna og skredvarslaren som sjølv vart gravlagd i snømassane i 2015. Ho oppsøker klimaforskarar og ein fangstmann med 40 overvintringar bak seg. Ho reiser ut på tokt med han som truleg var den første som såg at djuphavet vart systematisk oppvarma, møter tre isbjørnar på fottur med ungane, jaktar på fossil og følgjer sikringa og flyttinga av hus i Longyearbyen. Dette er ei forteljing om stigande uro og om å leva midt i klimaendringane.
}