Litteraturens spørjekraft : tekstar i utval (1968–2012)
DKK
494.00
inkl. moms
DKK
395.20
ekskl. moms
ISBN:
9788205600102
Sprog:
Norsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
453
Forlag:
Gyldendal Norsk Forlag
Udgivelsesår:
2024
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Kva er litteraturens eigenart? Med tolmodig og skjerpa analyse demonstrerte Atle
Kittang gjennom eit langt liv som forskar og offentleg debattant kor rikt og
mangfaldig eit diktverk kan vere. Som ein representant for autonomiestetikken
viste han fram dei litterære strukturane og fleirtydigheita, som aldri kan la
seg gripe av éin enkelt lesing. Han formidla og utvikla lesemåtar som mellom
anna var påverka av psykoanalyse, nykritikk, dekonstruksjon, hermeneutikk og
politisk-estetisk filosofi. Slik kunne han vise at forskjellige teoretiske
tilnærmingar har sine styrker og manglar, og at det trengst fleire inngangar til
ein litterær tekst. Den grundige lesinga er avgjerande.
I 1974 blei Kittang den første professoren i allmenn litteraturvitskap i Noreg,
og han leia an arbeidet med å gjere fagmiljøet i Bergen førande i norsk
samanheng, eit miljø som tiltrekte seg kommande forfattarar som Jon Fosse,
Gunhild Øyehaug og Karl Ove Knausgård. Han var også ein sentral stemme i den
litterære offentlegheita, med ein stor produksjon av essay, artiklar,
monografiar og kritikk.
I denne antologien har redaktørane Ingrid Nielsen, Espen Stueland og Sigurd
Tenningen samla eit utval av artiklane til Kittang for å vise fram
fortolkingskrafta og teoriformidlinga til nye og gamle lesarar. Boka kan lesast
med stort utbytte av studentar, professorar og andre interesserte lesarar – kort
sagt alle som deler nysgjerrigheita på korfor litteraturen stadig evnar å skake
oss.

