Mørke : stjerner, redsel og fem netter på Finse
DKK
272.00
inkl. moms
DKK
217.60
ekskl. moms
ISBN:
9788234002939
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Paperback
Sideantal:
155
Forlag:
Samlaget
Udgivelsesdato:
11-12-2019
Udgivelsesår:
2019
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av
nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire
gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss
menneske, med dyra og alt som lever?
Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg likevel aleine til fjells
vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna
kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934.
Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn,
stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den
globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg
er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur?

