Høgsteretts historie 1965-2015 : "at dømme i sidste Instans"
DKK
1,529.00
inkl. moms
DKK
1,223.20
ekskl. moms
ISBN:
9788245015515
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
652
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
26-05-2015
Udgivelsesår:
2015
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Fredag 28. juni 1974 vart Det sjuande allmenne dommarmøtet i Tromsø opna. Det
heile byrja slik det skulle - fredeleg og danna. Siste føredragshaldar den
fyrste dagen av dommarmøtet var professor dr. juris Carsten Smith, som føreleste
om «Domstolene og rettsutviklingen». Etter føredraget var Det sjuande allmenne
dommarmøtet ikkje lenger fredeleg, og bare delvis danna. For Smith ville at
domstolane generelt, og Høgsterett spesielt, ikkje bare skulle løysa konfliktar,
men òg leia an i rettsutviklinga med djerve avgjerder som forandrar samfunnet.
Dette var ein radikal idé i 1974. I dag er det i stor grad ein realitet. Kva har
skjedd? Høgsteretts historie 1965-2015 er ei endringshistorie. Det er historia
om ein domstol som lenge stritta imot endring, men som særleg etter Berlinmuren
sitt fall vart riven med av samfunnsutviklinga og av ivrige einskildpersonar som
staka ut ein ny kurs for den fremste representanten for den tredje statsmakta i
Noreg. I dag er Høgsterett kanskje meir ei statsmakt enn nokosinne i si 200.år
lange historie. For domstolen har ein nesten uavgrensa kompetanse, er ein nesten
rein prejudikatsdomstol, er premissleverandør for den juridiske metoden, kan
påverka tilsetjinga av nye høgsterettsdommarar, og er ein dialogpartnar i det
transnasjonale rettsregimet. Dette er historia om korleis det vart slik.

