Om det å lafte. Bd. 1 : handverk, logikk og prosess
DKK
819.00
inkl. moms
DKK
655.20
ekskl. moms
ISBN:
9788245018677
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
279
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
11-08-2015
Udgivelsesår:
2015
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Dette er ei bok om det å lafte. Laftaren uttrykkjer seg i rørsler med eit
verktøy mot materialar. Det er handverk. Når huset er ferdig, ligg verktyet i
ro. Det er som med felespelaren. Når slåtten er låten, ligg bogen i ro. Det er
kva tømraren gjer, som er temaet her. Det som er borte når huset er ferdig.
Vi har ein ufatteleg rikdom av variasjon over temaet laft og nov i tømmer her i
landet. Difor kjem ikkje denne boka lenger enn til å omtala sjølve laftet.
Korleis hjørna og tømmer blir til hus av ymse slag, blir tema i band.2.
Boka er laga som eit felles prosjekt. Tre personar med litt ulik bakgrunn har
samarbeidd. Henning Olstad er tradisjonsberaren. Han har lafta heile sitt vaksne
liv og vel så det. Det er Henning som demonstrerer, les laft og forklarar det
han ser. Steinar Moldal er tømrar. Han har arbeidd med dei eldre delane av
tømringa sidan slutten av 1980-åra. Steinar er også god til å teikne. Han har
laga dei teikna illustrasjonane. Jon Bojer Godal har arbeidd i og med tre i
mesteparten av sitt vaksne liv. Han er også trena i å ordleggje seg. Jon har
såleis penneført denne boka.

