Kva ser vi - kva gjer vi? : omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep : skulen og barnehagen sine oppgåver
DKK
449.00
inkl. moms
DKK
359.20
ekskl. moms
ISBN:
9788245020106
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
144
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
06-02-2018
Udgivelsesår:
2018
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Mange barn er utsette for og lever med omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep,
men blir svikta av dei som møter dei i deira kvardag utanfor heimen. Dei fleste
som arbeider med barn i skule, barnehage, organisasjonar eller institusjonar,
har opplevd at dei undrar seg over noko barn har sagt eller gjort. Undringa kan
ha komme som eit lite blaff eller vere ei kronisk kjensle av ubehag, uro og
bekymring. Men kva gjer ein med ei slik bekymring? Mange manglar den kompetansen
og det motet som skal til for å hjelpe barnet. Denne boka er meint å gi kunnskap
og hjelperåder. Det er lagt vekt på handlingskompetanse, det vil seie å gi
oversikt over reglar og døme på god praksis. Det handlar til dømes om korleis
ein kan auke sensitiviteten sin overfor barna, om korleis ein skal involvere
kollegaer og leiing, og om samtalemetodiske grep i møte med barna og foreldra.
Det blir òg gitt ei oppdatert innføring i ny kunnskap om konsekvensane av
omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Boka er relevant for alle som jobbar
med barn og unge eller som utdannar seg til slike yrke. Inge Nordhaug er klinisk
sosionom i barne- og ungdomspsykiatri og er tilsett ved RVTS Vest. Han arbeider
til dagleg med alvorleg omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Han har i
mange år undervist i temaet for lærarar i barnehage og skule og på universitet
og høgskular.

