Multimodalitet i skole- og fritidstekstar
DKK
619.00
inkl. moms
DKK
495.20
ekskl. moms
ISBN:
9788245022889
Sprog:
Norsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
259
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
17-07-2018
Udgivelsesår:
2018
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Vi møter samansette tekster overalt, både i skolen og på fritida. Kunnskap om
multimodalitet er blitt nødvendig for kommunikasjonskompetansen til ung og
vaksen. Målet med denne boka er å presentere ny forsking på eit felt der
utviklinga går fort. Forfattarane tek for seg multimodalitet i ulike tekstar,
som læreverk, film, musikkvideo, dataspel og teikneseriar, og drøfter mellom
anna: - Korleis arbeider barn med nettbrett? - På kva måte kan programvare
påverke kommunikasjonen? - Korleis brukar lesarane sansane når dei les? -
Korleis blir det undervist i multimodalitet i nordiske klasserom? Finn emnet veg
inn det viktigaste faget i skolen? - Greier vi å gjere elevane til aktive
multimodale produsentar som nyttar eit breitt spekter av semiotiske ressursar? -
Skil dei nye digitale læremidla seg eigentleg frå tradisjonelle lærebøker på
papir? - Kan dataspel bidra til å utvikle ein kreativ literacy-praksis?
Antologien syner fram breidda i ulike multimodale framstillingsmåtar og speglar
korleis multimodale tekstar nyttar ulike uttrykk for å kommunisere mest mogleg
effektivt med lesarane. Boka er relevant for lærarar, studentar og forskarar som
arbeider med desse tema.

