Kvalitativ metode i lærerutdanninga
DKK
579.00
inkl. moms
DKK
463.20
ekskl. moms
ISBN:
9788245027662
Sprog:
Norsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
220
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
07-05-2019
Udgivelsesår:
2019
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Kvalitativ metode i lærarutdanninga" er ei metodebok som rettar merksemda mot
korleis ein som lærarstudent kan utvikle ein heilskapleg forskingsdesign
innanfor kvalitativ forskingsmetode.
Boka byggjer særleg på Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning og
Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i
lærerutdanningene, som legg vekt på kor viktig god metodekompetanse er hjå
morgondagens lærarar.
Boka byr både på eit teoretisk og eit metodologisk grunnlag for kvalitativ
forskingsdesign og nyttar ein del praksisnære casar og døme for å gjere stoffet
meir relevant for lærarstudentar. I nokre av kapitla er det også lagt vekt på å
kontrastere kvantitativ og kvalitativ forsking, nettopp for at lærarstudenten
lettare skal forstå eigenarten ved kvalitativ metode og dei moglegheitene og
avgrensingane metoden gir.
Kvalitativ metode i lærarutdanningen handlar om å gjere lærarstudenten i stand
til å meistre det metodiske handverket gjennom lærarutdanninga. For å lære dette
metodiske handverket er det viktig at ein evnar å skifte frå ein normativ til
ein analytisk tenkjemåte. Gjennom ni kapittel med fokus på det mest essensielle
for å utvikle ein god og koherent forskingsdesign gir boka lærarstudentane god
trening i nettopp dette.
Boka er relevant for alle fagdisiplinar innanfor grunnskulelærarutdanninga og
andre lærarutdanningar. Boka kan nyttast på både bachelor- og masternivå i
lærarutdanninga. Ho er særleg relevant for grunnskulelærarstudentar som møter
kvalitative metodar både på bachelor- og masternivå i utdanninga si.
Rune Johan Krumsvik er professor (dr.philos.) i pedagogikk ved Universitetet i
Bergen og professor II ved Høgskulen i Volda.

