Nye spadestikk i samfunnsfagdidaktikken
DKK
639.00
inkl. moms
DKK
511.20
ekskl. moms
ISBN:
9788245037913
Sprog:
Norsk bokmål
Indbinding:
Hæftet
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
20-04-2022
Udgivelsesår:
2022
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Samfunnsfagdidaktikken er blitt viktigare etter dei siste
lærarutdanningsreformene. Lærarar skal ikkje berre meistra pedagogikk og fag,
men også fagdidaktikk. Fagdidaktisk teori og forsking kan gi lærarar fagspråk og
utgangspunkt for å tenkja og samarbeida om samfunnsfaget, og fagdidaktikken kan
tydeleggjera dei mange vegval lærarar står overfor. Denne boka er meint som eit
bidrag i denne utviklinga av samfunnsfagsdidaktikken. Ho tematiserer korleis
faget vert formidla til elevane i grunnskulen og vidaregåande skule.
Boka inneheld empiriske analysar, forskingsoppsummeringar, problematiseringar og
teoriutviklande kapittel, og ho er disponert i fire delar. Den fyrste tar opp
tema som gjeld samfunnsfaget samla, på tvers av fagleg innhald. Dei tre neste
delane er bidrag knytt til ulike kjerneelement i faget, demokratiforståing og
deltaking, berekraftige samfunn, identitetsutvikling og fellesskap. Det er også
eit kapittel om utforsking, og kritisk tenking er teke opp i fleire av bidraga.
Boka er tenkt for vidarekomne i samfunnsfagdidaktikken, det vil seia for
lærarutdannarar og fagdidaktiske forskarar, så vel som for masterstudentar og
bachelorstudentar som skal fordjupa seg i samfunnsfagsdidaktikk. Boka er eit
utgangspunkt for fagdidaktiske vurderingar i praksis, utviklingsprosjekt,
forsking og i studentarbeid.

