Om det å lafte. Bd. 4 : frå fortid til framtid
DKK
739.00
inkl. moms
DKK
591.20
ekskl. moms
ISBN:
9788245041675
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
204
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
22-08-2022
Udgivelsesår:
2022
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Dette er band 4 i serien om det å lafte – og det siste. Bøkene byggjer i høg
grad på aktivitet. Vi har bygd lause hjørne, og vi har bygd HUSET som no står på
Hjerleid handverksskole og er i tre delar: loft, stuggu og bakstuggu.
Ein del av bygginga har vore det vi kan kalle studiebygging, og ein del har vore
kurs. Den endelege oppstillinga vart arrangert som kurs, men der samstundes
heile prosessen var fotografert og filma (video). Det ligg såleis føre eit stort
materiale som kan nyttast i ymse samanhengar. Videosnuttar til bruk i opplæring
kan bli eit neste steg.
Denne boka har ni kapittel. Kapittel 1 dreiar seg om oppstillinga av HUSET på
Hjerleid handverksskole på Dovre. Kapittel 2 handlar om det ikkje-synlege
verktyet som tømraren nyttar seg av i arbeidet med å skapa eit hus. Kapittel 3
er framlegg til opplæringslaup for tradisjonshandverkarar i tre og med døme laft
som spesialitet i den siste enden av opplæringa.
Kapittel 4 handlar om buret. Det er eitt av husa i tunet og eitt av husa i HUSET
Bur har i dag mist funksjonen sin. Difor er det ein forklarande gjennomgang. Dei
gamle buplassane er knytte til visse slags landskapsformer, og dette går att i
nemninga på gardar. Kapittel 5 dreiar seg om legging av hus og tun i lendet og
ord knytte til landskapsformer.
Vi har ein bygningsarv å taka vare på. Difor har vi bygningsvern. Kapittel 6
gjer freistnad på ein prinsipiell gjennomgang. Bygningsvernet treng material.
Difor er det eit kapittel 7 om skog for vern. Vi har kalla det arveskog. Vi er
oppe i ei klimakrise. Skogen vil kunne vera ein stor medhjelpar i å løyse denne.
Difor er det eit kapittel 8 om tre for framtida.
Trass i at det å lafte høyrer til dei eldste kjende byggjemåtane, er det
framleis mogleg å lage heilt nye variantar. Kapittel 9 dreiar seg om eit nytt
slags laft, Roten-laftet. Om dette er den siste boka i denne serien, er det
ikkje slutt på å lafte. Det er ikkje slutt på å tenkje framtid for tre.

