Norsk språkhistorie for lærarar (2. utg.)
DKK
449.00
inkl. moms
DKK
359.20
ekskl. moms
ISBN:
9788245053647
Sprog:
Norsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
235
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
03-12-2024
Udgivelsesår:
2024
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Norsk språkhistorie for lærarar er skreddarsydd for grunnskulelæraren, og denne
andre utgåva av boka inneheld eit heilt nytt kapittel om språket i dansketida.
Sentralt i Kunnskapsløftet 2020 står språkleg mangfald, variasjon og endringar i
fortid og samtid, og i denne grunnleggjande innføringa tek forfattarane føre seg
desse temaa i eit historisk perspektiv: frå urnordisk, norrønt og mellomnorsk
til språket i dansketida, og til slutt fram til moderne norsk. I boka er det
lagt stor vekt på å visa skulerelevansen til fagstoffet og korleis dette kan bli
formidla i klasserommet. Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk
språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er filolog, og er oppteken av
tekst, språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv.
Budal har tidlegare mellom anna skrive om grammatikk og grammatikkdidaktikk,
nynorskdidaktikk og norrøn omsett litteratur. Karine Stjernholm (fødd 1978) er
førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Østfold. Ho er sosiolingvist, og er
spesielt oppteken av språkideologi. Stjernholm underviser i språk og samfunn,
fleirspråklegheit, språkplanlegging og språkhistorie på lærarutdanninga og på
masterprogrammet Master i norsk i skulen. Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er
professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han underviser i norsk
språk og litteratur, er utdanna lærar og norrønfilolog, og han forskar på kultur
og språk i norrøn tid, og på norskdidaktikk.

