Liv andre har levd
DKK
183.00
inkl. moms
DKK
146.40
ekskl. moms
ISBN:
9788249519385
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Paperback
Sideantal:
503
Forlag:
Forlaget Oktober
Udgivelsesdato:
22-05-2018
Udgivelsesår:
2018
Udgivelsesland:
Norge
Serie:
Familien fra Rekneslia
Serienr.:
4
BESKRIVELSE:
Eilert Knudtson, som har farma på Alberta-prærien i meir enn tjue år, er komen
til Norge for å treffe søskena sine igjen, og for å meistre sorga og saknet
etter at kona Martha døde frå han, og dei åtte barna deira. Året er 1927, og det
er trettifire år sidan han sist såg søskena sine.
Seksten år gamle Lars Hoem, son av Anton Edvard, vil bli med onkelen tilbake til
Canada. Han seier han må vekk fordi det er ein stein som skygger for sola der
han er no. Lars Hoems liv i Canada blir ein mørk tråd som fører fram mot dei
harde trettiåra.
Eilert går inn i ein langvarig kamp for å overleva som farmar. Da han ikkje kan
betale for tilleggsjord som han kjøpte tidleg på tjuetalet, tar styresmaktene
jordseksjonane frå han og tvingar han til å bli leiglending.
I 1930 gifter Eilert seg med enka Kate Ness. Barna til Eilert blir vaksne og
forsvinn frå heimen. Den aldrande mannen kjempar mot tørke, haglstormar,
grashopper og fallande prisar - for å vinne tilbake det han har tapt.
"Liv andre har levd" er ein sanseleg familiekrønike med uforgløymelege
hovudpersonar. Edvard Hoems nye roman stiller det fundamentale spørsmålet: Kor
mykje bestemmer eit menneske si livsreise med eigen innsats, og kor mykje blir
avgjort av krefter som vi ikkje kan gjera noko med?

