Landet bortanfor landet : område 51 : protestsongar
DKK
318.00
inkl. moms
DKK
254.40
ekskl. moms
ISBN:
9788249520831
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
127
Forlag:
Forlaget Oktober
Udgivelsesdato:
21-10-2019
Udgivelsesår:
2019
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Område 51 er eit hemmeleg område i Nevada, der det amerikanske forsvaret testar
ut fly og våpensystem. Det er også kontrollsenter for avanserte dronar. Her blei
det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak
måneferdene utvikla. "Landet bortanfor landet. Område 51" tar oss med til ei
verd som ikkje er plotta inn på kartet, denne undergrunnen som er befolka med
personell som ikkje står på offisielle lønningslister. Dikta uttrykker frykt for
at vi ikkje lenger kan yte motstand mot krigen, fordi han blir utkjempa under
bakken og oppe i himmelen, med maskinar, satelittar, dronar, fiber, kablar. Krig
er blitt ein blodflekk som har trekt så djupt inn i kvardagen at han no er farga
på same vis som alt rundt oss, som del av eit vanlig plagg vi tar på.
Dikta i denne samlinga er del av eit musikalsk samarbeid med Morten Qvenild.
"Landet bortanfor landet. Område 51" blei til som eit tingingsverk til Kongsberg
jazzfestival i 2017, og blir no utgitt både som bok og som plate.

