Garasjeland : noveller
DKK
389.00
inkl. moms
DKK
311.20
ekskl. moms
ISBN:
9788249522620
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
158
Forlag:
Forlaget Oktober
Udgivelsesdato:
11-09-2020
Udgivelsesår:
2020
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Dette var min første sommar i Garasjeland. Juli kom med ei hetebølge som varte i
tre veker. Midt på dagen steig temperaturen til over førti grader. Far min hadde
ikkje investert i kjøleanlegg, så om nettene sette vi oss i bilen og kjørte ut
på dei opplyste motorvegane. Han ville sjå skogbrannane som herja langs kysten.
Ei natt stansa vi på ein nedlagt bensinstasjon, steig ut og blei ståande. Oske
fall frå himmelen, nesten som snø, bare at ein blei svart på tunga om ein fanga
dei gjennomsiktige flaka."
Ein sekstenåring flyttar inn hos faren i Garasjeland, og dei rekordvarme
sommarvekene der skal merke han for livet. Den unge mannen i "Oslo" kjem tilbake
til heimbyen for å få hemn. Det gifteklare paret i "Den siste øya" har investert
i drømmereisa som ifølge operatøren vil gi dei isolation level: High, men er dei
heilt åleine? I "Inntrengar" stirer eit norsk par forundra inn på mannen som med
spansk lov på si side har flytta inn i feriehuset deira. Polakken i "YNWA" er
langpendlar med jobb på vestlandsk fiskeslakteri og ei gryande erkjenning av at
Norge er meir enn lykke og frisk luft. "Slutten på historia" skildrar vakkert
møtet mellom to tidligare kjærastar ein sur kveld den spesielle våren 2020.
I si tiande novellesamling tar Frode Grytten oss med til Oslo, Bergen,
Torrevieja, Sotra, Paris, Las Vegas og det maskuline Garasjeland. Forfattaren
viser korleis folk som er drive av lengt og kjærleik og fanatisme, søker
fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlige
utfall. Som alle drømmarar må dei ta konkrete val og nærme seg andre personar på
eit vis som trugar med å rasere illusjonen om det perfekte.

