Innerst i hjertet har jeg min forstand : biografien om Georg Johannesen
DKK
517.00
inkl. moms
DKK
413.60
ekskl. moms
ISBN:
9788252187694
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
607
Forlag:
Samlaget
Udgivelsesdato:
08-09-2022
Udgivelsesår:
2022
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Ein mann på tvers av si samtid.
Lyrikar Georg Johannesen kunne vere ein nådelaus polemikar som gjekk til åtak på
kven det skulle vere. Samstundes skreiv han nokre av dei vakraste dikta som er
skrivne på norsk. I 1990 blei Ars moriendi kåra til 1900-talets beste norske
diktsamling.
Ved hjelp av ei rekkje nye kjelder skildrar denne biografien eit uvanleg og
fascinerande livsløp. Som liten opplevde Georg Johannesen krigen på nært hald og
blei merkt for livet av det. Han blei seinare fengsla for militærnekting,
ekskludert frå Arbeidarpartiet og var sentral ved etableringa av Sosialistisk
Folkeparti.
Trass eit uvanleg lyrisk talent ville han ikkje vere lyrikar. I staden var han
universitetsprofessor i retorikk, men også her i konstant opposisjon til det
norske fagmiljøet.
Georg Johannesen var heile livet ein mann på tvers av si samtid. Han var
kompleks og paradoksal, ikkje alltid like lett å forstå, men alltid tru og
konsekvent mot sin eigen rasjonalitet, i tråd med det han sjølv hadde fastslått:
"Skjelettet er innerst / i hver eneste
mann / Og hva har jeg innerst i hjertet? / Innerst i hjertet har jeg min
forstand."

