Oppdateringar frå lykkelandet : røff guide til samtidslitteraturen
DKK
398.00
inkl. moms
DKK
318.40
ekskl. moms
ISBN:
9788252194197
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
395
Forlag:
Samlaget
Udgivelsesdato:
26-09-2017
Udgivelsesår:
2017
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Har du høyrt rykte om at den nyaste skjønnlitteraturen er humørlaus og
sjølvoppteken? Det stemmer slett ikkje, skal vi tru Marta Norheim, ein av Noregs
mest kjende kritikarar. I boka Oppdateringar frå lykkelandet guidar ho deg inn i
det nye litterære landskapet. Materialet er utvalde bøker frå norsk
skjønnlitterær prosa, romanar, noveller og korttekstar. Bøkene er i all hovudsak
skrivne av forfattarar som har debutert etter 2005. Kva skriv dei nye
forfattarane om, og korleis?
For ti år sidan kom den første Røff guide til samtidslitteraturen. Marta Norheim
har granska kva som har skjedd sidan den gong. Ti år er ikkje lenge, men
overraskande nok fann Norheim ut at bøkene har andre tematikkar i dag. I dag
blir det skrive om miljø og klima som aldri før, barndommen står svakare, men
dei gamle er solid representerte, og den mannlege outsideren har fått selskap av
den kvinnelege outsideren, noko som neppe er til trøyst for verken menn eller
kvinner. Den nye litteraturen handlar om alt, med nokre interessante unntak,
meiner Norheim.
Boka er for alle som ønskjer å vite meir om samtidslitteraturen, lystlesarar så
vel som fagfolk.

