Norsk språkhistorie i eldre nynorsk tid (1525-1814) : menneskrift for Kjartan Ottosson
DKK
315.00
inkl. moms
DKK
252.00
ekskl. moms
ISBN:
9788270996551
Sprog:
Norsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
193
Forlag:
Novus forlag
Udgivelsesår:
2012
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Perioden tidleg nynorsk tid, dvs. frå 1525 (ev. 1537) til 1814, blir òg kalla
tidleg moderne tid eller tidleg ny tid. Primærkjeldene frå perioden er fåe, og
forskinga på tidleg nynorsk tid har dermed hatt mykje preg av at ho gjeld den
firehundreårige natta.
Kjeldene byd på særlege utfordringar når ein skal bruke dei i språkhistoria i og
med at dei mest følgjer dansk skriftmønster og berre delvis er meint å skulle
spegle bestemte norske dialektar.
Artiklane i denne boka viser korleis ein kan bruke kjeldene, og korleis ein kan
dra slutningar om utviklinga i talemålet i ulike landsdelar. Dette gjeld både
fonologi, morfologi og syntaks. Men den språklege situasjonen er òg interessant
med tanke på kva mønster eller norm skrivarane la seg etter når dei formulerte
dokument, og korleis dei opplevde situasjonen i ei tid då oppfatningane av språk
kan ha vore nokså annleis enn dei vi har i dag. I språkhistoria brukar ein
omgrepet ‘norvagismar’, men kva stod det for i samtidskulturen?

