Med påhalden penn? : 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark
DKK
543.00
inkl. moms
DKK
434.40
ekskl. moms
ISBN:
9788270997619
Sprog:
Norsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
470
Forlag:
Novus forlag
Udgivelsesdato:
10-06-2014
Udgivelsesår:
2014
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Engasjerte allmugen seg politisk i 1814, eller deltok folket med «påhalden
penn», som det heitte når nokon skreiv under for andre? Ser 1814 annleis ut frå
ein lokal og regional ståstad enn frå det vanlege rikspolitiske perspektivet?
Tolv forfattarar tek i denne boka føre seg dei store politiske hendingane i 1814
slik dei arta seg i bygder og byar i Telemark, Møre og Romsdal og Sogn og
Fjordane.
Sentrale tema er vala til riksforsamlinga våren 1814 - kven som engasjerte seg,
korleis prosessane føregjekk, kven som dominerte. Det vert også vist korleis
tevlande grupper, nettverk og lokale konfliktar greip inn i dei politiske
hendingane på lokalplan. Boka byr på eit rikt persongalleri, frå embetsmenn og
byborgarskap til myndige bønder og haugianarar. Vala til det ekstraordinære
Stortinget hausten 1814 får òg brei omtale, og fleire artiklar har eit blikk ut
over 1814. Boka er eit viktig tilskot både til 1814-forskinga og forskinga på
politisk kultur i Noreg tidleg på 1800-talet, men også til kunnskapen om
lokalhistoria i dei områda som er granska og ikkje minst regionale skilnader i
Noreg.
Bak boka står ei breitt samansett forfattargruppe med utspring i dei tre fylka,
mellom anna frå historikarmiljøa ved høgskulane i Telemark, Møre og Romsdal og
Sogn og Fjordane.

