Løgn og litteratur : bruk av løgner i litteraturen og i det sosiale livet
DKK
301.00
inkl. moms
DKK
240.80
ekskl. moms
ISBN:
9788270997671
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
194
Forlag:
Novus forlag
Udgivelsesdato:
20-09-2014
Udgivelsesår:
2014
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Mennesket er eit løgnaktig vesen. Løgner blir ofte brukte for å føra einkvan bak
lyset, anten det går ut over enkeltindivid eller store grupper. Det mest
alvorlege løgnaren gjer, er at han misbrukar den naturlege tilliten som dei
fleste individ har til kvarandre.
Når løgner blir omtalte, blir dei gjerne blanda saman med sjølvbedrag og
illusjonar. Men det er ei uheldig samanblanding. Det å lyga er ei medviten og
intensjonell handling, i motsetnad til det sjølvbedraget er. Løgnaren fører oss
bak lyset med fullt overlegg.
Denne boka er eit forsøk på å klara opp i spørsmålet om kva ei løgn er, og
korleis me bør handtera løgner som sirkulerer ikring oss.
I tillegg til eit innleiande teori-kapittel har boka analysar av
skjønnlitteratur som tematiserer ulike sider ved den rolla løgner spelar for
menneska. Dei litterære tekstane er skrivne av forfattarar frå ulike tider, frå
Plautus i Romarrikets tid og frametter til Jane Austen, Marcel Proust, Fjodor
Dostojevskij, Jan Kjærstad, m.fl.
Finn Tveito er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger.

