Kongen, lova og landet : kong Magnus Lagabøter, landslova av 1274 og det Norge han skapte
DKK
519.00
inkl. moms
DKK
415.20
ekskl. moms
ISBN:
9788272017971
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
283
Forlag:
J.M. Stenersens forlag
Udgivelsesdato:
26-10-2023
Udgivelsesår:
2023
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Eigentleg skulle han ikkje bli konge.
Storebror hans skulle overta trona etter kong Håkon 4., medan den unge prins
Magnus vart utdanna hos dei fattige fransiskanarmunkane. Då han likevel vart
krona som kong Magnus 6. i 1261, vart han den einaste kongen i norsk mellomalder
som ikkje førte krig. I staden skapte han Landslova, som vart ein grunnstein i
norsk politikk, rett og samfunn. Han vart heller ikkje gravlagt saman med andre
norske kongar, men hos munkane i fransiskanarklosteret der han gjekk i skule.
Kong Magnus 6. er ein av dei mest fasinerande norske kongane. Han levde i eit
spanande hundreår, der Norge utvikla seg i stor fart og fekk - som eit av få
land i Europa - ei lovbok som vart nytta i heile landet. I dag er han difor
kjent som Magnus Lagabøter.
Magnus Lagabøter er likevel kanskje den av dei norske mellomalderkongane vi veit
minst om. Med Kongen, lova og landet har Jørn Øyrehagen Sunde skrive eit
formidabelt verk. Med stor kunnskap og suveren formidlingsevne skriv han fram
ein mann og ei tid som er overraskande attkjenneleg og moderne, internasjonalt
orientert og jordnær på same tid.

