Jesus frå Jæren : Arne Garborgs kristendom
DKK
357.00
inkl. moms
DKK
285.60
ekskl. moms
ISBN:
9788283900019
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
180
Forlag:
Novus forlag
Udgivelsesdato:
30-05-2018
Udgivelsesår:
2018
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
I 1906 publiserte Arne Garborg den teologiske avhandlinga Jesus Messias. Dette
er eitt av dei glømte verka til denne for.fattaren. Men hundre år seinare har ei
rad framståande teologar komme fram til liknande resultat - trass i at dei har
hatt meir av teologisk faghistorie å bygge på - og legg til grunn andre
resonnement og andre metodar. Denne boka er ein analyse av Jesus Messias og ei
drøfting av den i høve til forfattarskapen elles. I tillegg blir Jesus Messias
jamført med teologiske synspunkt frå eit utval av teologar frå dei to siste
hundreåra. Målet for diktaren var å skilje «Jesu lære» frå «kyrkja si lære om
Jesus». Om seg sjølv sa Garborg at «religiøs er eg vel på min måte om eg ingen
religion har». Men påstanden i denne boka er at Garborg har ein religion; og den
religionen er nettopp Jesu lære - som står i motsetnad til kyrkja si lære om
Jesus.

