Menneskelyden : Sondre Bratland og folketonane som slapp fri
DKK
416.00
inkl. moms
DKK
332.80
ekskl. moms
ISBN:
9788283901108
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
131
Forlag:
Novus forlag
Udgivelsesdato:
23-08-2023
Udgivelsesår:
2023
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Sondre Bratland er mannen som syng religiøse folketonar så jamvel ateistar
lyttar. Debutplata "Pilegrimens Sangbog" fekk han Spelle.mann.pris for i 1983 og
etter det har han halde konsertar i både kyrkjer, .konsertsalar og skjenkestader
over heile landet saman med musikarar som Iver Kleive, Knut Reiersrud, Annbjørg
Lien, Paolo Vinaccia og Nils Petter Molvær.
Framferda hans er så staut at folk ser han som ein bit av norsk grunnfjell.
Ikkje mange veit at det eigentleg var kjøpmann han skulle bli, som far sin.
Dette er historia om korleis Sondre Bratland blei ein av Noregs største
kvedarar. Og om det som skjedde då norsk folkemusikk kom ut av den strengt vakta
hola si og blanda seg med jazz og rock og fekk lyttarar overalt. Og korleis det
gjekk då folke.musikarane måtte ta inn over seg at kveding ikkje berre var stev
og vågale viser, men òg religiøse folketonar og bånsullar.
Musikken som blir til når mennesket opplever noko som rører dei djupt i sjela,
er ikkje så ulik frå land til land. Sondre har lagt merke til slektskapet mellom
folketonane han sjølv har i seg og dei han har høyrt i land som Irland og
Pakistan. Han kallar det Menneskelyden.

