Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg : ca. 200-1350
DKK
569.74
inkl. moms
DKK
455.79
ekskl. moms
ISBN:
9788202553005
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
368
Forlag:
Cappelen Damm akademisk
Udgivelsesdato:
28-08-2017
Udgivelsesår:
2017
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Frå høvdingdøme til statsmakt i Noreg ca. 200-1350" presenterer den nye
forskinga som har kome om framveksten av høvding- og kongemakt i jernalderen, og
om statsutviklinga frå slutten av vikingtida og fram til ca. 1350. Eit sentralt
spørsmål er når Noreg vart ein stat, og om vi i det heile teke kan snakke om
stat før 1350. Perspektivet er heile tida Noreg sett i lys av ei europeisk
utvikling, samstundes som det særnorske får rikeleg plass.
Boka søkjer langt meir enn tidlegare framstillingar å foreine ulike
fagtradisjonar, som arkeologi, stadnamnforsking, numismatikk, tradisjonell
institusjonshistorie og historisk rettsantropologi. Målet er å gi fleire og
ulike svar på kva som skapte politisk makt i romartida, folkevandringstida,
vikingtida og mellomalderen. Kvifor har nokre meint at jernalderen og
mellomalderen førte med seg sterk politisk maktoppbygging rundt konge og
aristokrati, og etter kvart kyrkja, med sterke tendensar til stat? Kvifor har
andre i staden skildra kongar på 1200-talet som ikkje mykje mektigare enn andre
menn av aristokratiet, i eit samfunn der feidar var spelereglane i politikken?
Boka er tverrfagleg og er skrive av ein arkeolog og ein historikar i lag, og gir
per i dag den mest omfattande oppdateringa av forskinga innanfor eit sentralt
tema i norsk historie.

