Klyngetunet : den norske landsbyen
      DKK
      576.00
      inkl. moms
    
    
      DKK
      460.80
      ekskl. moms
    
                ISBN:
9788279592686
                            Sprog:
Nynorsk
                            Indbinding:
Indbundet
                            Sideantal:
448
                Forlag:
Skald
                        Udgivelsesdato:
20-09-2018
                        Udgivelsesår:
2018
                        Udgivelsesland:
Norge
                BESKRIVELSE:
                        Dette er historia om den norske landsbyen, eit gløymt fenomen i historia vår. Vi trur bøndene i Noreg alltid har budd på kvart sitt tun, men ein gong i tida, før utskifting og dramatisk modernisering, budde mange nordmenn saman i landsbyliknande fellestun. I desse tunabudde og arbeidde familiar i små hus tett i tett, vegg i vegg, med eit lappeteppe av åkrar kring husklynga.
Forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth fekk ideen til Klyngetunet då dei samla stoff frå heile landet til bestselgaren Norges låver. På sin hittil siste reise har dei vitja meir enn tretti slike små landsbyar som av ulike årsaker har overlevd tida, frå Agder i sør til Troms i nord. Fleire av dei er freda, nokre har blitt til museum og feriebustader, medan det i andre bur heilt vanlege folk som framleis driv aktivt jordbruk.
Ein gong var det kanskje så mange som tretti tusen slike bondelandsbyar, før dei vart oppløyste i perioden 1860-1920. Boka fortel om korleis den dramatiske oppløysinga endra det norske landskapet og bygdelivet, og korleis det gjekk med dei få tuna der bøndene av ulike årsaker ikkje flytta for å etablera seg kvar for seg. Boka fortel også om korleis kvalitetane i det tette klyngetunet no kan få ein ny vår om dagens arkitektar, byplanleggarar og husbyggarar ser til denne eldgamle buforma for inspirasjon til nye bumiljø der den moderne nordmannen kan trivast og bur saman i fellesskap.
I tillegg til Apneseth sine bilete av klynge- og rekketuna, slik dei framstår i dag, vil boka visa historiske bilete, gamle utskiftingskart som viser den opphavlege organiseringa, og fleire av Arne Berg sine teikningar av dei gamle tuna.
Dei siste åra har vi sett ein stadig aukande interesse for historia vår, det nære og det solide. Denne boka er den første som samlar eit utval av attståande norske klyngetun frå heile landet, og er ein augeopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn.
                    
        
                
