Skriftspråkleg mangfald som ressurs i opplæringa : ei kort innføring
DKK
210.39
inkl. moms
DKK
168.31
ekskl. moms
ISBN:
9788215034928
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
77
Forlag:
Universitetsforlaget
Udgivelsesdato:
22-10-2019
Udgivelsesår:
2019
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Mange barn og vaksne i norske barnehagar og klasserom har erfaringar frå andre
skriftsystem enn det latinske alfabetet. Få ei innføring i korleis dette blir
ein ressurs i opplæringa. Som lærar og barnehagelærar er det stor sjanse for at
du møter barn, unge og vaksne som har erfaringar frå andre skriftsystem enn det
latinske alfabetet vi brukar i Noreg. Det kan vere elevar som har lært å skrive
med arabiske bokstavar før dei kom til Noreg, barnehagebarn med russiske
foreldre som skriv namnet sitt med kyrilliske bokstavar, eller barn som har lært
å skrive med tamilsk skrift på den tamilske laurdagsskulen.
Ein lærar som har kunnskap om skrifterfaringane til eleven, kan lettare hjelpe
eleven til å bygge bru til det norske alfabetiske skriftsystemet. Denne boka gir
nettopp det: Grunnleggande kunnskap om skriftsystema og gode råd for korleis
arbeid med skriftsystem og synleggjering av den skriftspråklege kompetansen i
klassen kan styrke det metaspråklege medvitet hos alle elevane i klassen.
Forfattaren gir mange døme på skriftspråkslæringa til skuleelevar, barnehagebarn
og deltakarar i vaksenopplæring og på gode undervisningsopplegg. Både lærarar og
lærarstudentar vil ha stor nytte av denne boka.

