Skrivedidaktikk : korleis støtta elevane si skriving i fag? (2. utg.)
DKK
550.23
inkl. moms
DKK
440.18
ekskl. moms
ISBN:
9788215041353
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
230
Forlag:
Universitetsforlaget
Udgivelsesdato:
22-02-2021
Udgivelsesår:
2021
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Skal du verkeleg læra deg eit fag, må du læra deg språket og skrivemåtane til
faget. Kvart fag har særeigne måtar å bruke språk på, og fagkunnskapen blir
formidla gjennom desse skrivemåtane. Naturfag har sine måtar å bruka skrift på,
norskfaget har andre. Desse skrivemåtane må læraren visa elevane sine.
Forfattaren presenterer forskjellige typar støtte i skriveundervisninga som kan
gi målretta og variert skriveundervisning i ulike fag. Ho viser korleis læraren
kan byggja stillas rundt skrivinga til elevane: ved hjelp av fagspråk om tekst,
iscenesetjing av kommunikasjonssituasjonen, modelltekstar, skriverammer,
samtale, respons og vurdering.
Boka har eit vell av eksempel frå alle trinn i grunnskulen og frå ulike fag som
norsk, naturfag og samfunnsfag, både elevtekstar i utvikling og
undervisningsopplegg. 2. utgåva av boka er oppdatert i tråd med Læreplanverket
for Kunnskapsløftet 2020, med nyare forsking og har fått endå fleire
eleveksempel. Skrivedidaktikk er viktig lesing for alle som arbeider med
skriving i skule og lærarutdanning.

