På lager

Selås Magnhild (red.)

Språkmøte i barnehagen

DKK 535.00 inkl. moms
DKK 428.00 ekskl. moms

ISBN:
9788245020823
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
223
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
25-07-2017
Udgivelsesår:
2017
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
Denne boka viser fram det språklege mangfaldet i norske barnehagar. I dagens barnehagar går det barn med ulike språk og dialektar, og nokre har forseinka eller avvikande språkutvikling. Forfattarane diskuterer korleis barn utviklar språk, kva for strategiar dei bruker, og korleis ein kan stimulere språkutviklinga deira. Ulike kartleggingsmetodar og språkstimuleringstiltak blir drøfta i boka. Dei faglege innsiktene er rikt eksemplifiserte med reelle døme. Målet er at boka skal gi kommande barnehagelærarar kunnskap til å forstå og handtere mangfaldet dei møter i den moderne barnehagen, slik at dei har eit godt utgangspunkt for å kunne arbeide med språk saman med alle barn. Hovudmålgruppa for læreboka er studentar i barnehagelærarutdanninga, men boka er eigna for alle som arbeider i barnehagen, og ho vil òg vere nyttig for grunnskolelærarstudentar. Forfattarane i boka: Ann-Kristin Helland Gujord er tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og este-tiske studium, Universitetet i Bergen. Magnhild Selås, Edit Bugge, Dagmar Andrea Cejka og Randi Neteland er tilsette ved Avdeling for lærarutdanning, Høgskulen på Vestlandet.
}