Utdanning, ulikskap og urettferd
DKK
529.00
inkl. moms
DKK
423.20
ekskl. moms
ISBN:
9788245021097
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
164
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
20-09-2016
Udgivelsesår:
2016
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Er det urettferdig dersom ressurssterke foreldre brukar ressursar på å gi barna
sine ein betre skulegang enn andre? Er det urettferdig at nokon gjer det betre
på skulen fordi dei får meir hjelp heimanfrå? Er det urettferdig om skulen er
betre tilpassa nokre grupper enn andre? I moderne samfunn er utdanning ein
viktig måte å få tilgang til ulike stillingar på, og dermed til ulike gode som
er knytte til stillingane. Utdanningssystemet fungerer med andre ord som ein
mekanisme som sorterer folk på ulike posisjonar. Problemet, dersom det er eit
problem, er at utdanningsprestasjonar heng saman med kva sosial gruppe ein
høyrer til. Faktorar som kjønn, etnisitet og klasse påverkar både kva utdanning
ein får og kor godt ein gjer det i utdanninga. Er det rettferdig? Kva
kjenneteiknar eit rettferdig utdanningssystem? Det er slike spørsmål denne boka
handlar om. Boka er skriven for studentar i pedagogikk og lærarutdanning og
andre interesserte. Steinar Bøyum er professor ved Institutt for pedagogikk ved
Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen.

