Samtidslyrikk i klasserommet
DKK
528.91
inkl. moms
DKK
423.13
ekskl. moms
ISBN:
9788245022483
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
268
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
25-07-2017
Udgivelsesår:
2017
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Hovudmålet med denne boka er å vise korleis ein kan arbeide med samtidslyrikk i
klasserommet: skriftleg, munnleg, analytisk, kreativt. Her er samtidslyrikken
utgangspunktet for den klassiske diktanalysen, for fagsamtalen, for
fordjupingsemnet, for diktopplesing, kreativ tekst og klassesamtalar om litterær
kvalitet. Boka inneheld presentasjonar av nokre forfattarar og lesingar av
utvalde dikt. I tillegg får lesaren vere med på nokre funderingar over spørsmål
ein truleg berre møter i lyrikken: Kan ein måle universet med teskei? Kva slags
bruer kan vekse ut i verdsrommet? Korleis lyser epla på trea? Korleis hindrar
skulen skogen? Samtidslyrikk i klasserommet er eit forsvar for poesien og
skjønnlitteraturens vedunderkraft, for den langsame tenkinga og danninga. Boka
er samstundes eit forsvar for ei systematisk og eksplisitt norskfagleg lese- og
skriveopplæring, og for den nytteverdien ei slik lese- og skriveopplæring har
for andre fagfelt og yrke. Kjersti Rognes Solbu er norsklektor ved Fyllingsdalen
videregående skole og rådgjevar ved Skrivesenteret. Ho har mastergrad i
litteraturvitskap frå NTNU (2006). Solbu har vore dagleg leiar i Landslaget for
norskundervisning, tidsskriftsredaktør for Ratatosk og medredaktør for boka
Søsken (Samlaget 2011). Jon Opedal Hove har arbeidd som norsklektor ved
Fyllingsdalen videregående skole sidan 2008. Han har mastergrad i
litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen (2007). Hove har vore med i
redaksjonen i litteraturtidsskriftet Prosopopeia og publisert bokmeldingar i
tidsskriftet Norsklæraren.

