Språkmøte i barnehagen (2. utg.)
DKK
518.61
inkl. moms
DKK
414.89
ekskl. moms
ISBN:
9788245048995
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
218
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
30-07-2024
Udgivelsesår:
2024
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Denne boka viser fram det språklege mangfaldet i norske barnehagar. I dagens
barnehagar går det barn med ulike språk og dialektar, og nokre har forseinka
eller avvikande språkutvikling. Forfattarane diskuterer korleis barn utviklar
språk, kva for strategiar dei bruker, og korleis ein kan stimulere
språkutviklinga deira. Ulike kartleggingsmetodar og språkstimuleringstiltak blir
også drøfta i boka. Dei faglege innsiktene er rikt eksemplifiserte med reelle
døme. Målet er at boka skal gi kommande barnehagelærarar kunnskap til å forstå
og handtere mangfaldet dei møter i den moderne barnehagen, slik at dei har eit
godt utgangspunkt for å kunne arbeide med språk saman med alle barn.
Hovudmålgruppa for læreboka er studentar i barnehagelærarutdanninga, men boka er
eigna for alle som studerer og interesserer seg for einspråkleg og fleirspråkleg
språklæring. Forfattarane i boka: Ann-Kristin Helland Gujord er tilsett ved
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Universitetet i
Bergen. Magnhild Selås er tilsett ved Institutt for nordisk og mediefag,
Universitetet i Agder. Edit Bugge er tilsett ved Institutt for språk,
litteratur, matematikk og tolking, Høgskulen på Vestlandet, og Randi Neteland er
tilsett ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda.

