Planlegging for helse og trivsel
DKK
729.11
inkl. moms
DKK
583.29
ekskl. moms
ISBN:
9788245023640
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
326
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
16-01-2018
Udgivelsesår:
2018
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Stadig fleire bur i byar og tettbygde strok i landet vårt, og forventingane til
gode bumiljø aukar. Samstundes er det kommunale ansvaret for helse og trivsel
lovfesta. Denne boka drøfter korleis ein kan inkludere helse og trivsel som
viktige premiss i by- og bustadplanlegging, og kva eit slikt utvida helseomgrep
inneber. Helsespørsmål har på ulikt vis alltid hatt plass i bustadplanlegging i
Noreg. Den nye folkehelsa, som omfattar trivsel og sosialt samvær og byggjer på
ei ny forståing av sjukdom, set nye krav til planlegginga. Boka presenterer
lovgrunnlaget for slikt planarbeid, og med bakgrunn i forskingslitteraturen
diskuterer forfattarane kva som verkar positivt inn på helse og trivsel i ein
planleggingsprosess. Eit av dei viktigaste helsefremjande tiltaka er å sørge for
at folk bur trygt og sunt. Det krev god planlegging på mange område, og
samsvarer med to av FN sine mål for verda fram mot år 2030: Å sikre god helse og
fremje livskvalitet for alle, og å sikre berekraftige byar og samfunn. Boka vil
vere nyttig for planleggjarar i offentleg og privat sektor, studentar,
folkehelsearbeidarar, kommunepolitikarar og alle som er interesserte i ei
berekraftig framtid.

