Arbeidsinkludering av utsett ungdom : i lys av Supported Employment og kapabilitetstilnærminga
DKK
459.28
inkl. moms
DKK
367.42
ekskl. moms
ISBN:
9788245033144
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Hæftet
Sideantal:
160
Forlag:
Fagbokforlaget
Udgivelsesdato:
17-07-2020
Udgivelsesår:
2020
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Marginalisering av utsett ungdom er ei vesentleg utfordring. Unge er generelt
utsette på arbeidsmarknaden. Vanskane med å få seg arbeid er endå større for dei
unge som har problem med helse, rus, kriminalitet eller anna. Denne boka viser
korleis Nav-rettleiarar, sosialarbeidarar og andre som hjelper utsett ungdom,
kan arbeide for å inkludere ungdommane i arbeid. Forfattaren diskuterer
inkludering i lys av Supported Employment (SE) og kapabilitetstilnærminga. SE
har vist seg å vere særs godt eigna for arbeidsinkludering av utsette grupper,
og kapabilitetstilnærminga handlar om å auke sjansen til å nå måla sine åleine
eller i samspel med andre ved å omdanne ressursar til reelle moglegheiter og
levd liv.
Boka rettar seg til studentar i sosialt arbeid, tilsette i Nav, skule og
tiltaksapparat som hjelper utsett ungdom i alderen 15-25 år med å finne arbeid.
Kjetil Frøyland er utdanna sosionom og idéhistorikar og er forskar ved
Arbeidsforskningsinstituttet, OsloMet - storbyuniversitetet. Han arbeider med
arbeidsmiljø og arbeidsinkludering av utsette grupper, arbeidsretta bistand
(Nav) og rusmiddelførebygging i arbeidslivet.

