Due og drone
DKK
472.06
inkl. moms
DKK
377.65
ekskl. moms
ISBN:
9788205527065
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
496
Forlag:
Gyldendal Norsk Forlag
Udgivelsesdato:
15-08-2019
Udgivelsesår:
2019
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Aust i Finnmark oktober 1944: Kcenia Nyslåttbuktmo vaskar hjartet til den vesle
Pøyken sin med snø, skurar ned heile huset, mjølkar kua. Finnmark brenn.Frå
London kjem fabrikkarbeidar og fenrik Olav Sima («Han kan rima!») med oppdrag å
avhøyra ein tysk offiser med mykje å lyga om.Etter freden, midt i Oslo, leverer
advokatane skarpskodde skriv om kor lite hopehav det var mellom norske
kapitalistar og tyskarane. Pengar luktar ikkje, bortsett frå ein mild eim av
cyanid.På Bjølsen aust i Oslo: Den tvangsevakuerte Kcenia står på
mjølkebutikken, konstabel Sima patruljerer gatene, studerer juss og held orden i
mjølkekøen. Å få orden på Pøyken er ikkje like lett.Endå mykje lenger aust øver
vesle Oksana Starkopf trufast på piano, og arvar eit skrin med eit manuskript
i.Etterkrigstida strammar grepet. Olav Sima blir jurist, Pøyken blir verre og
verre. Begge tek ofte turen vest, over fjellet, og vidare over Atlanteren, der
Sambandsstatane tar imot dei med opne armar.På underjordisk vis er verda kabla
saman. Vest møter Aust, i Norge og i den vide verda.Due og drone er forteljinga
om dette.

