Doggerland
DKK
479.00
inkl. moms
DKK
383.20
ekskl. moms
ISBN:
9788234015939
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
211
Forlag:
Samlaget
Udgivelsesdato:
26-09-2025
Udgivelsesår:
2025
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i
generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst
nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar – den litterært gåverike Filip
og den økonomisk
orienterte Henny – posisjonerer seg begge for å ta over.
Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i
havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I
utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir
innvoven i familie-løyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript
som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom
generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn
og sanning. Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar
eiga framtid står på spel?
I denne skarpe og intense romanen utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner
spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er
truga. Doggerland er eit intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på
randa av kollaps.

