Alice A4
DKK
411.00
inkl. moms
DKK
328.80
ekskl. moms
ISBN:
9788249510542
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
236
Forlag:
Forlaget Oktober
Udgivelsesdato:
25-08-2015
Udgivelsesår:
2015
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Alice bur i ein blokk i drabantbyen med mor og syster si. Ho lengtar vekk frå
røtene som held henne fast, og frå eit statisk og fastfrose jente- og kvinneliv.
Så møter ho ein som kan ta henne med til ei anna verd, han har bil, og saman
køyrer dei nedover Autobahn på jakt etter Wonderland.
"Alice A4" går i ein meddiktande, mytologisk og ulogisk dialog med Lewis Carroll
si barnebok "Alice i eventyrland" frå 1865. I Bråtveits roman er Alice ei ung
jente på terskelen mellom barn og vaksen. Romanen fortel ei både bakvend og rett
fram historie om korleis Alice mistar og finn seg sjølv att gjennom det ho håpar
og trur er den fyrste store kjærleiken - ein kjærleik ho etter kvart som ho vert
eldre, med valdsam kraft prøver å kjempa seg ut or og fri seg frå. Men kvar gong
Alice trur seg fri, oppdager ho at ho på nytt er fanga inn av si eiga innbilte
frigjering.
"Alice A4" syner gjennom språk og innhald at forelskinga har sin eigen absurde
logikk, og at kjærleikens vegar er uransakelege. Bråtveit skriv med stor kraft
om kjønn, klasse, makt og raseri.

