Felemakaren : roman
DKK
423.66
inkl. moms
DKK
338.93
ekskl. moms
ISBN:
9788249521425
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
350
Forlag:
Forlaget Oktober
Udgivelsesdato:
20-11-2020
Udgivelsesår:
2020
Udgivelsesland:
Norge
Serie:
Familien fra Rekneslia
Serienr.:
5
BESKRIVELSE:
I romanen "Felemakaren" tar Edvard Hoem utgangspunkt i eit dystert familieminne
som også er omtalt i romanen "Heimlandet barndom" (1985): Ei ung tenestejente
som skal ha barn med Pe, bror til Lars Olsen, som er hovudperson i romanen, blir
borte ein kveld, og bygda går manngard i ei veke utan å finne henne. Pe blir
mistenkt for drapet, og så frifunnen av retten, men ikkje av folkesnakket og
ikkje av Lars. Brørne snakkar ikkje til kvarandre på meir enn femti år.
Lars drøymer om å bli skipper på eiga skute, men krigen og samfunnstilstanden
stenger alle utvegar for han. Han blir utskriven til å vera med i slaget på
Københavns Red i 1801, og sidan er han krigsfange på eit britisk fangeskip i fem
år. Under dette miserable opphaldet møter han ein franskmann som lærer han å
bygge fiolinar.
Dermed snur alt. Da han endeleg kjem heim igjen, slår han seg ned som felemakar
i Kristiansund, der han lever eit lykkeleg liv i 25 år, med kona Gunnhild og sju
døtrer.
"Felemakaren" er romanen om korleis alt blir annleis enn tenkt, om ulykke og
broderstrid, men der livet likevel til slutt framstår som ei ufortent gåve.
Felemakar Lars Olsen Hoem var født i Romsdal i 1782. Han var grandonkel til
Serianna, som vart gift med Knut Hansen Nesje, slåttekaren i Hoems
slektskrønike.

