Det uferdige huset : roman
DKK
410.39
inkl. moms
DKK
328.31
ekskl. moms
ISBN:
9788249522736
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
361
Forlag:
Forlaget Oktober
Udgivelsesdato:
30-10-2020
Udgivelsesår:
2020
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Ragnvald Vaage, farfar til Lars Amund Vaage, vart fødd på Husnes i Kvinnherad i
1889. I "Det uferdige huset" har Lars Amund Vaage dikta fritt omkring lagnaden
til farfaren, som var blant dei unge lovande landsmålsdiktarane i det nye,
sjølvstendige Noreg.
Den dagen Gabriel Hallvardson kjem til verda, er ein svart dag i Haugegardens
historie. Gabriel skal veksa opp på denne staden ved fjorden som folk fer bort
frå, på den eine eller andre måten, og kor det med tida ikkje er andre enn
bestemor og den tenksame onkel Helge igjen til å halda oppsyn. "Alle endrar seg,
også dei døde", tenkjer Gabriel. Og han finn trøyst i orda, især når dei liksom
svingar seg framfor han og det berre er å henta dei ned på papiret. Helge kan
sjå at Gabriel har særskilde evner, og skaffar han plass på folkehøgskule. Her
skal Gabriels nye liv ta til og kreftene i han frigjerast, slik Noreg òg skal
finna sin veg. Men kva skal det bli til med garden når også dei gamle fer, kven
skal skjøtta jorda då, kven skal hogga i skogen, og kven skal ro etter dokter
når det trengst?
"Det uferdige huset" er ein roman om å koma til skrifta frå ein fåmælt og
jordbunden stad der dikting ikkje har nokon plass, og uttrykka seg på eit nytt
språk i eit nytt land som famlar etter ein eigen identitet. Lars Amund Vaage har
skrive fram eit gripande portrett av ein ung mann i spenn mellom pliktkjensle og
kunstnarkall.
Indstillet til Nordisk Råds litteraturpris 2021.

