Ung mann vil ut
DKK
477.00
inkl. moms
DKK
381.60
ekskl. moms
ISBN:
9788249528974
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Sideantal:
242
Forlag:
Forlaget Oktober
Udgivelsesdato:
29-11-2024
Udgivelsesår:
2024
Udgivelsesland:
Norge
Serienr.:
0
BESKRIVELSE:
Edvard Hoem med ny roman frå sin egen ungdomstid, om forfattarkallet, den
politiske oppvakninga og gudstrua.
"Ung mann vil ut" er ein memoarroman som går tett på eit ungt sinn og ein
tidsepoke. På seinsommaren i 1963 flytter den fjorten år gamle Edvard til Molde.
Han skal gå på realskulen, som det heitte da, i byen - ein småby, riktignok, men
så mykje større enn bygda han flytter frå. Han er ung, og han vil ut. Meir enn
seksti år seinare skriv den aldrande Edvard han fram: den unge mannens bitre
nederlag, store fryd, gnagande tvil og grenselause ambisjonar.
"Eg begynner ein søndagskveld i august 1963. Eg stod igjen på ein hybel i
Langmyrvegen 16 i Molde etter at mor og far, som hadde følgt meg dit, hadde sagt
farvel til meg og reist heim med den lokale drosjen. No skulle det verkelege
livet begynne. Eg skulle bli eit menneske i den moderne verda, i mi tid, ikkje
ein av mange i den lange rekka av bønder som eg stamma frå, i eit landskap der
tida stod stille. Slik tenkte eg på det. Eg forstod ikkje at eg framleis var eit
barn."

