På vidvanke
DKK
479.00
inkl. moms
DKK
383.20
ekskl. moms
ISBN:
9788249530373
Sprog:
Nynorsk
Indbinding:
Indbundet
Forlag:
Forlaget Oktober
Udgivelsesdato:
14-11-2025
Udgivelsesår:
2025
Udgivelsesland:
Norge
BESKRIVELSE:
"Da ser eg han, den unge mannen som ein gong var meg.
Han er på veg mot ein høg bygning i nærleiken av Majorstua i Oslo. Han har vinterfrakk på seg, for det er førjulstid og kaldt i den norske hovudstaden. I høgre hand ber han ein dokumentkoffert av svart skinn. Året er 1973, datoen er den 8. desember. Eit tynt snølag ligg på den store plassen som han skrår over for å nå hovudinngangen. Den unge mannen er lang og tynn og veg neppe meir enn syttifem kilo. Han har skjegg, og tjukt krøllet hår som når ned på skjortekragen. Han trur at han tar seg alminneleg godt ut. Til våren skal han fylle tjuefem år. Han er med andre ord ikkje blottande ung. Like fullt meiner han at livet ligg opent framfor han, og at han på mange måtar er på veg."
I memoarromanen På vidvanke tar Edvard Hoem lesaren med tilbake til Oslo på 1970-talet. Han skriv om dei første femten åra som ung forfattar i hovudstaden, da pendelen svinga mellom stor suksess og dundrande nederlag og vegen heim til småbyen Molde var lang. Den gamle forfattaren har eit gjensyn med den unge, ikkje for å dømme, men for å forstå korleis tidene var, og korleis også den som er på vidvanke, kan finne djupare innsikt.